Tilbake

Gjenom alle Busketoppar

NORSK ORIGINAL

Gjenom alle Busketoppar Det var ei prestfrue som var trollkjerring. Julnatta tok ho ei kvit geit og batt hauplagget sitt på, og so la ho gei- ta attåt presten. So tok ho opp ei fjøl ti golvet, og fann fram eit glas med smurning, som ho smurde soplingen med. Og so sette ho seg skrevs over soplingen og sa: "Opp å fram over alle busketoppa te Heikkelfjeill!" Og der med so for ho oppgjenom skorsteinen. Men detta hadde tenestguten lurt oppe, og set det alt saman. Og når kjerringa var reist, so tok han au og smur- de ein sopling på same måten, og sette seg skrevs over'n. Men so forsnakka han seg og sa: "Opp å fram g j e n å alle busketoppa te Heikkelfjeill!" Og der med so for han au oppgjenom skorsteinen. Men han fekk ei underleg reis - han som laut fare gjenom alle busketoppar - han heldt på skulde bli aldeles sundriven. Men fram kom han no, guten au, til Hekkelfjell. Ja, når han kom med boka då, han - Bestefar Sjøl, som tok mot dei, og skulde skrive inn namnet åt guten - so sast guten vilje skrive namnet sitt sjølv, han, og fekk au det. Men i staden for namnet sitt skreiv han "I Jesu namn". Og dermed so datt boka ned, ho. Han hadde ikkje meir makt med 'na då, han - Sjølmannen. So laut dei reise heim att då. Men om juldagen, når dei skulde åt kyrkja, so tok guten og la beksel på prestfrua, og leidde ho framåt kyrkjedøra. Der stod ho og kneggja, med presten var på stolen. Ja, so vilde presten vite kva det var som kneggja slik. "De e prestfruå 'ta," - sa tenestguten.
Informasjonom sagnet og kilden