Tilbake
Sitering
Kort referanse
Trollkjerringane utpå Øyom. Norske sagn, ID 52687. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52687
Utvidet referanse
Trollkjerringane utpå Øyom. Norske sagn, ID 52687. ML category: ml3045 (Trollkjerringa og tjenestegutten ("Her opp og her ned til Jønsås")). Collector: Olav Rekdal. Place: Romsdal. County: Møre og Romsdal. Archive signature: NFL 30, s. 45f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52687 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52687/
Trollkjerringane utpå Øyom
NORSK ORIGINAL
Trollkjerringane utpå Øyom
Det var tre trollkjerringar utpå Øyom her ein gong i tida. Somme sei dei var
systrer. Ho Guri i Vågja budde på Otrøya, ho Brynill Harnes på Harøya, og ho
Ragnhill i Ortn budde i Orta. Dei besøkte kvarandre ofte, desse tre kjellene, og
dei hjelptest åt med trollkunstom sine, når det trengdest. Dei såg ofte
Otrøykjerringa kom siglandes utgjenom Harøyfjorden i måneskinet. Og ho Ragnhill
i Ortn siglde ein gong frå Harøya og inn i Orta på ein dryfting.
- Ei julnatt hadde dei sett kvarandre stemne på Hekkelfjell, dessa tre.
Men so var det tenestguten hennar Brynill Harnes - han hadde tent 'na i sju år,
og hadde fått greide på kvaslags makkmor han hadde. So lurte han på ho julaftan,
og såg korleis ho tok ein sopling og smurde, og høyrde kva ho sa, før enn det
barst oppgjenom skorsteinen med ho. Når ho var fara då, so fann han fram att
oljekrukka og tok og smurde ein sopling, han au, og sa det same som ho. Og so
barst det avste oppgjenom skorsteinen med han au. Og han kom til Hekkelberg og
forstyrra heile høgtida for dei.