Tilbake
Sitering
Kort referanse
Han reid på ein skammel. Norske sagn, ID 52695. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52695
Utvidet referanse
Han reid på ein skammel. Norske sagn, ID 52695. ML category: ml3045 (Trollkjerringa og tjenestegutten ("Her opp og her ned til Jønsås")). Collector: Knut Strompdal. Place: Helgeland. County: Nordland. Archive signature: NFL 19, s.159. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52695 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52695/
Han reid på ein skammel
NORSK ORIGINAL
Han reid på ein skammel.
Trollkjerringar reid på soplimar. Dei kunde og greida seg
med ein skammel. Eingong var det ein glunt som tenkte lura til
seg kunsten. Han var dreng på garden og lurde seg etter kjerringa
og fekk sjå korleis ho bar seg åt. Så skulde han sjølv gjera ein
freistnad. Men då det bar til, hadde han gløymt dei rette orda.
Då han hadde fått smurt og sett seg til skrevs over skammelen
slik som trollkjerringa gjorde, så sa han: "Upp og ned og
fram!" Dette var gale sagt, for skammelen tok til å fara upp
og ned, så det var berre så vidt drengen berga livet, til kjerringa
fekk høyra ståket og kom og berga honom.