Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52706. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52706
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52706. ML category: ml3025 (Skyss med Fanden). Informant: Hans Eidnes. Collector: Dagmar Blix. Place: Vågan. County: Nordland. Archive signature: NFL 93, s.22f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52706 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52706/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var mange av prestane i den gamle tida som var flinke
til å bruke svarteboka. Ja, ein kan mest seie at ein prest som
ikkje hadde svarteboka og kunne lese i henne "sån til husbruk",
han var ikkje stort til prest. Dei gamle sa at svarteboka var
den sjette moseboka. Blada var av svart pergament, og skrifta
var raud - skreve med blod. Dei prestane som hadde studert
i Wittenberg var flinkast til å bruke svarteboka, men prestar
som hadde lært hos dei, var heller ikkje vekke. Med svarteboka
kunne ein mane dauingar, stoppe blod, bètte tjyven, opendage
ugjerningar, skræme skrømt og mane og hundse med sjølve
Styggen. Men det var eit farleg arbeid, for leste ein feil, så var
ikkje gamlingen sein til å huke stakkaren og ta han med seg
"dit heitast di elda". Den flinkaste presten i så måte var han
Petter Dass på Alstahaug. Det var kar som kunne handsame
svarteboka både med fynd og klem, når han meinte det treng-
test. Eingong kom svarten sjølv med bod frå kongen i Køben-
havn at Petter Dass skulle preike i slottskyrkja andre dagen,
som var juledagen. Då presten såg hestehoven, skjønte han
kven han hadde for seg og sa: "Ja, eg skal nok reise, men
I skal sjølv få skaffe skyss." Og med svarteboka i hand gjorde
han Styggen om til ein hest. Så sette presten seg på ryggen
hans, og det bar avstad så fort som vinden. Men ho Legd-Else
som dreiv med heksekunster, reid etter på limen, og det er
ho som har fortalt alt. Presten preika i København, og det
var ei preik som ingen hadde høyrt maken til, endå stormen-
nene der nede hadde lagt nokre blanke blad på preikestolen
og sagt at preika låg der ferdigskreven. Dei ville halde ap
og leven med "ein fattig landsprest frå Tule". Han reid på
same hesten heim att og heldt preik i Alstadhaugkyrkja andre-
dag jul. Men den kvelden kom ho Legd-Else bort, og ingen
visste kvar det vart av henne. Etter den tid har ein ordtaket
om "Petter Dass-skyss" når ein fer fort, og "ein fer med livet
i hendene".