Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Stundom leigde han [hinmannen] seg te skysskar. Tvo karar or Vikebygd kom ifrå byen og sku heim te jol. Dei hadde motvind og straum heile vegen. Jolaftan var dei ved Steinkrossen. Då vart mot- straumen so hard at dei med naudi vann andøva båten, og dei var ille te motes for di dei ikkje nådde heim te helgi. Kom det då ein båt roande so fossen stod, og han tottest ikkje vyrda anten sjø eller straum. "Gjer de meg ai tunna øl, ska de væ haima i kveld!" ropa roaren. Dei lova dette, og mannen sette seg ved årane og tok karane på slep. Då han kom utfor Svarttveit-landet, sa han: "Da vet'tu stréte, detta," der er nær- djupt og ofte strid straum. Karane kom heim i god tid, og roa- ren fekk ølet. Det skal ha vore hinmannen, sa dei.
Informasjonom sagnet og kilden