Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52721. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52721
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52721. ML category: ml3025 (Skyss med Fanden). Collector: Sigurd Nergaard. Place: Rendal. County: Hedmark. Archive signature: NFL 11, s.202ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52721 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52721/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Men har du høyrt korleis det gjekk for seg med 'n Petter
Dass, daa han for til Kjøpenhamn? Han var handelsmann
attaat det han var prest, ser du. So var det ein gong kon-
gen var i Bergen, og der fekk han sjaa 'n Petter Dass laag
med skip og handla med fisk. Daa han so fekk høyra han
var prest, vilde han vita kva slags prest dætta kunde vera,
og dei meinte daa paa at Petter Dass var likeso høgt lærd
han som nokon annan prest og vel so det og, for han kunde
meir enn andre. Daa skreiv kongen eit brev aat Petter Dass,
det han skulde preika i kyrkja i Kjøpenhamn juldagen, og
det brevet sende han aat futen med paalegg han skulde fli'
det aat presten um julkvelden. Daa fyrst skulde han ha det;
men ikkje fyrr. So fekk han sjaa daa, um Petter Dass var
so mykje likare enn andre prestar.
So tidleg um juldagsmorgonen sa Petter Dass aat frua si:
"I dag skal jeg prædike for kongen i Kjøbenhavn."
"Ja visst!" sa ho. "Jeg skal saa jeg ogsaa."
Ho trudde han berre tala i spøk. Men so bad han henne
stella til klæda hans, og daa gjorde ho det, for ho hadde set
so mykje ho gjorde som han sa, daa ho saag det var aalvor.
So sette han seg ved ei bordskive og kakka 3 slag. Daa kom
det ein inn.
"Hvor fort kan du skysse?" spurde presten.
"Som fuglen flyver."
"For smaatt! Ud igjen!"
So kakka han andre gongen, og ein ny kom inn.
"Hvor fort kan du skysse?
"Som veir og vind."
"For smaatt! Ud igjen"
Kakka so tridje gongen, og det kom enno ein.
"Hvor fort kar du skysse?"
"Saa fort som menneskets tanke."
"Saa skyss mig straks til Kjøbenhavn!"
"Hvad løn faar jeg for det?"
"Sjelen til alle som sover i kirken idag.",
So bar det i veg med deim upp gjenom lufta. Men ute
paa havet vart han trøytt, den vonde, og prøvde so paa aa
narra Petter Dass til aa segja Jesu nam. Daa kunde han faa
makt til aa kasta han taa seg.
"Hvad siger bakstekullen naar hun gaar ud af eldhuset
om kvelden?" spurde han.
"Høiere op og fortere fram!
Midt for stadsporten i Kjøbenhavn!"
svara presten.
So kom han fram i god tid, og paa preikstolen skulde
teksta liggja. Petter Dass gjekk paa stolen, og der laag eit
kvitt papir utan ein bokstav paa.
"Her er intet," sa han, og vende papiret, "og der er intet.
Og af intet skapte Gud verden!" Og so la han paa og preikte
so dei aldri hadde høyrt slik preike fyrr.
Daa han skulde reisa attende, var skysskaren hans so
gretten.
"Nu, hvor mange sjele fikk du idag?" spurde presten.
"Hvordan skulde jeg faa nogen sjel, slig som du huserede
og regjerede," sa den vonde.