Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

På Aukra hadde me fått ein prest som heitte Dick. Han hadde gått på Wittenbergskulen, og den greidde han med alle finaste karakter. Og som premie for detta fekk han Svarteboka. Men han måtte bedyre seg på at ingen måtte få sjå ho. So budde det eit gamalt ektepar utpå Aukra. Dei hadde levt saman som mann og kone skal leve i 30 år. Men so kom Hinmannen, og då var det gjort. Sidan slost dei frå morgon til kveld so fillene fauk, og der fanst ikkje att ein heil stol i heile huset. Men då bad folket han Dick, at han måtte kome og fordrive Djevelen. Ja, han Dick kom og gjekk inn åt dessa to. Men han bad folket bli att ute. – Dei kunne høyre kor han snakka inne, og kor han trampa i golvet. Men når'n begynte på Fadervåret, blei det ei yling og ei hyling inne so det var spøkje. Og ut gjenom lykelholet stod det som ei eldmørje. Det var med det same han for sin veg. Då han Dick kom ut igjen, rann sveitten tå 'nå. – Ja no kan de gå inn – sa'n. Men då var det slik ei svogellukt inne at dei laut slå opp alle dører. Sidan den tid var me kvitt Hinmannen på Aukra. Og 'ta ekteparet levde sidan so vel forlikte som nokon.
Informasjonom sagnet og kilden