Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Mannen som budde i Toreslega i Nøkklands drifteheid, heitte Tore. Han var fraa Eikjen. Kona heitte Tora. Det er fælt lenge sidan. Dei vart fatige so dei laut selja garden, so flutte dei upp aat drifteheidi og sette seg til der. Der var framifraa godt fiske der uppe, og han livde mest av fiske, fuglefanging og aa veida reinsdyr. - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - Dei treivst ikkje paa heidi, helst kona. Dei hadde gløymt burt tidi, so dei visste ikkje naar det var jol. So skulde kona fara heim til næraste garden og spyrja kor lenge det var til jol. Daa ho hadde fare eit stykke utetter, høyrde ho det ropa til henne fraa eit fjell: Vent heimatt! D'e Tollak Spole, nott ò dag te jole! So reiste ho heim med det.
Informasjonom sagnet og kilden