Tilbake

Nykken.

NORSK ORIGINAL

Nykken. No er det ingen som ser nykken lenger. Unge folk veit mest ikkje taa han ein gong; men gamalt attende for dei nok og saag han. Det er no mykje over 100 aar sidan han var fram paa ute i Heradsbygda. Det var tri smaagutar som dreiv og leikte seg utmed elva. Der kom det ein graa hest upp tur vatnet og la seg paa bakken millom deim. No veit du hossen smaaguten er, han skal finna paa so mangt han, og so for dei ikkje lenge fyrr dei to eldste hadde kome seg upp paa ryggen aat hesten. Daa kom den yngste: «Je skulde ha nykke meg oppaa je eu!» sa han. Men daa kasta hesten seg upp med dei to han hadde, og sette paa elva med deim so vass-spruten stod. Daa var det nykken som hadde skapa seg um til hest. Han hadde nok meint aa faa med seg alle tri gutane; men daa han fekk høyra namnet sitt, laut han røma.
Informasjonom sagnet og kilden