Tilbake

Nykken.

NORSK ORIGINAL

Nykken. Nykken held til i vatna, og når han kjem opp er han mest vanleg å sjå som ein grå hest. Men han kan skapa seg om plent som han vil. - Han Kristian Haga fekk sjå han ein gong ved Osplundtjenne. Han Kristian sat og meita, og best det var fekk han sjå ein grå hest som steig opp av vatnet og la seg attmed ei låg der. - Han Kristian var ikkje lenge i tvil om kva dette var for ein hest. Snøgt fata han etter børsa, som han hadde med seg, ladde og brende laus. Men det såg ikkje ut til at kule beit på han. Nykken bråskvatt og skreik i: «Regn! Regn med dråpar store som hesta!» Og strast etter kasta han seg uti Osplundtjenne og vart borte. Ikkje lenge etter svartna himlen til og regnet hylja ned. Han Kristian hadde aldri set så fælt eit regnbas nokon gong før.
Informasjonom sagnet og kilden