Tilbake

Huldra og kolbrennaren.

NORSK ORIGINAL

Huldra og kolbrennaren. Eingong var det ein mann som helt på med kolbrenning inne i ein skog. Det var hausten og mørkt um nettene, og då mannen hadde langt heim, låg han i telt. So var det seint ein kveld medan han helt på og steikte flesk, so kom det inn eit kvinnfolk og helsa. Han hadde gjort upp elden på flue (gruva) inne i teltet og sett panna med flesket over, og det bresjast og steiktest alt berre so det spraka. Då kvinnfolket kom inn og helsa, so helsa han attende og sa, er det folk ute og fer so seint på kveld? Kvinnfolket svara ikkje noko større på det. Men strakst etter gjekk ho burt til legre hans og spurgde etter, um han ikkje vilde ha det uppreidd. Å nei, svara mannen, det var ikkje større bu enn det greidde han gjera sjølv. Ho tok likevel og reidde senga upp. Men då ho bøygde seg ned for å bretta ut felden, so fekk han sjå ho hadde ei stor sid rumpa bak. Då skyna han kva gjest det var han hadde fått. Med det same rans det for honom dei to rådene han hadde høyrt skulde vera nyttande for å vergja seg mot underjordiske, og det var stål og varme. Han tenkte fyrst på øksa, men ho var eit stykke ifrå, og på panna spraka flesket meir og meir av varmen. Då kvinnfolket hadde reidd upp senga kom ho burt til honom og sa: "Er det ikkkje godt no?" Mannen vart so sint han tok ei fleskeskive og kasta beint i synet på huldra. Ho på dør det fortaste ho vann. Han høyrde berre ropet av henne då ho for. Då fata han fleskepanna og sette på dør etter henne, og hivde all den gloheite fleskefeita etter henne. Då høyrde han det flira frå åsane ikring. "No fekk du heit feit stekt flesk no, Kyria!" sa det.
Informasjonom sagnet og kilden