Tilbake

Havfrua spår ilt

NORSK ORIGINAL

Havfrua spår ilt. No kjem eg i hug eit sagn um ei havfrue, som for gjenom bygdi her. Då ho kom åt Hestøy'n uti Aurdalsfjore, stana ho. Denne øyi ligg umlag rett ned for Onstad-garo. Den tid, seier sagnet, heitte gardane Lokreim. Då havfrua hadde set uppetter lidi litt, ropte ho: "Desse garadn ska kji eite Lokreim lenger, men Onsta. Sørre gar'n brenn, o nørre gar'n går ut me skre-o!" Soleis skal det ogso ha gått. Det brann på Søre Onstad. Ein liten unge brann endå inne. Og nøre Onstad skal ha gått ut i skredor ein gong.
Informasjonom sagnet og kilden