Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52847. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52847
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52847. ML category: ml4060 (Sjøvetter gir råd). Informant: Engebret Hilmisplasse. Collector: Knut Hermundstad. Place: Nord-Aurdal. County: Oppland. Archive signature: NFS Knut Hermundstad 7, s. 40. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52847 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52847/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var ein på Söre-Bö som tok seg på å bera ei havfrue her frå
Strandafjorde og åt Volbufjorde. Ho syntest vatnet her var for kaldt åt
seg. So skulde han få spyrja ho tre spursmål for beringi. Dermed sa han
det, Bö-mannen: "Ko è dè so è seigast te tustereima?" Då svara ho:
"Kelvehedne du min gèlnè mann!" svara ho. So la ho te: "Galin mann Bö
byggji, o dè goè Uppei (Uppheim) öyè ligge. Men ha du sport me ette ko
stauplög'n è te, so skulde han vörte so gjævè at du skuldè delt 'n ut i
fingerbjörvis."
Stauplog vart det soleis: Dei tok maltkornet og blöytte det i vatn
i ei bryggje-stette tre jamdöger. So tappa dei dette vatnet tå. Dette
vatnet kokte dei te det vart ganske tjukt. Då kalla dei det stauplog.
Dette brukte dei te å smyrja seg med når dei hadde brote seg eller sle-
ge seg.
Dei tvo andre spursmål som Bö-mannen skulde få gje havfrua, glöymde han visst spyrja etter.