Tilbake
Sitering
Kort referanse
Fiskegrunnar. Norske sagn, ID 52852. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52852
Utvidet referanse
Fiskegrunnar. Norske sagn, ID 52852. ML category: ml4060 (Sjøvetter gir råd). Informant: Kasper Syre. Collector: Knut Nauthella. Place: Skudenes. County: Rogaland. Archive signature: Knut Nauthella 5, s. 10. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52852 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52852/
Fiskegrunnar
NORSK ORIGINAL
Fiskegrunnar
Ein mann som heitte Helge Johans kom ut for havfrua ein gong han var ute på sjøen og fiska. Han vart redd havfrua og vilde ro. Då sa havfrua at han ikkje måtte vera redd for ho vilde han ikkje noko vondt. Her som han låg var då ikkje fisk, men ho skulde segja han kor fisken var. Han skulde ro til han fekk Randåsen over Bandåsen og Siggjå over Sira, der var det hove i hove og romp i romp. Dei fortel at mannen kom inn med last frå den fisketuren. Dette skal vera medet på Faksagrunnen sud-vest av Utsira.