Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52867. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52867
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52867. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Collector: Ragnvald Mo. Place: Salten. County: Nordland. Archive signature: NFL 37, s.68. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52867 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52867/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Eit båtlag som hadde hus på Andøyneset (Andøy) dreiv det
på same viset. Fyrst det var ei ledig stund, var det fram med
kortleiken.
Ein kveld fekk dei ein framandkar i bua åt seg. Ja, dei sat
med korta; og denne framandkaren, som eg seier, han vart no
sitjande å sjå på. Men då det leid av ei økt, talde han på å
få vera i lag med. Det fekk han.
Ein av karane i dette rolaget brukte aldri spela kort. Denne
kvelden sat han med eit arbeid på kostkista si. Og smått kjyva
han seg til å skøa denne nykomaren. Under dette kom han til
å bli vis at eine fotbladet på framandkaren vistes so underleg;
det var kuva og rundt, motes som ein hov. So gjorde han seg
ærend til bordet, for å sjå kor dette høvde til. I det same drog
den ander'n foten åt seg; men mannen hadde då set nok; det
var hov.
Men då vart dei med eitt skilt med karen; han var som
blåsen or bua. Og so visste dei kven dei hadde havt selskap med.
Attpå denne spassasen var det ingen som baud på med kort-
spel oftare.