Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Sør i Bukken var han [fanden] laus ein gong. Han kom inn i eit kortspelar-lag og gav seg til å spela med. So gådde dei andre at korti vart burte. Dei såg under bordet etter dei og vart då vise med at framandkaren hadde ein hestefot og ein skikkeleg. Presten Grøgård batt hinmannen. Men gamlingen sette imot og drog fram vondt som presten skulde ha gjort. Han hadde stole ei knappenål som han bar i klædi, og so var det eit par småting til men det muna ikkje. Han måtte til. Ein annan gong bora presten hol i ei blysprøyse med ei nål og mana han ut gjenom.
Informasjonom sagnet og kilden