Tilbake

Ein svart hund.

NORSK ORIGINAL

Ein svart hund. Det var nokre kallar som var så håle med kortspel. Dei sat utover kveldane og nettene og spela kort om pengar, og det vart sagt at somme og prøvde seg med falskspeling. Sjølvsagt vanka der brennvin, og kallane svor og bante så det lukta både svovel og eldmørje lang lei. Ein av desse kallane skal ha fortalt seinare at slik gjekk det for seg i ei lang tid. Men så var det ein haust - det var avberrhaust og bekande mørkt både morgon og kveld, ja, det var skjømt om dagen og. Han gjekk til dei vanlege kortkveldane - nokka arbeid om dagane vart det mindre av, og det var elles nokså vanleg med ein sleng- periode om seinhausten. Det var ikkje mange kronene dei spela om, rettnok, men så hadde dei heller ikkje så mykje å rutte med. Dei tok til å skumle om at det var ein som spela falsk, og eit kort var kome bort. Kallen trudde det hadde dotte i golvet, så han bøygde seg ned og skulle leite etter kor- tet. Då låg der ein stor svart hund under bordet, og han gapa mot han med den store kjeften, så han tykte mest at det lyste både rødt og gult av svelget på han. Då fekk mannen ein støkk i seg. Det var ingen av kortkameratane som hadde nokon hund, ja, det var ingen i heile grannelaget som hadde. Så det var jo lett å skjøne ka slags hund dette var. Han kom seg ut og heim, og det litt fort. Og sidan har han ikkje hatt kortstokk i handa. Dei hine "korthundane" - som kortgalne folk ofte blir kalt - vart og meir spak etterpå.
Informasjonom sagnet og kilden