Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52876. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52876
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52876. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Collector: Halldor O. Opedal. Place: Ullensvang. County: Hordaland. Archive signature: NFL 32, s.97. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52876 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52876/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
I Bukken var styggingen so unòpen at han sette seg i kara-
laget og spela kort som ingen ting var. So vart kløveren burte,
kann du tenkja; for han toler korkje sjå eller handsame den.
Dei freista draga skrybbet på garden; men det var fåfengt.
So sende dei bod etter presten Grøgård, og då fekk gamlingen
kamb te håret sitt. Presten mana honom ut gjenom eit nålshol
i blyråma i vindauga. Han heldt seg burte lenge då; men sidan
kom han att. Fann so ein målar på te skildra honom av på ei
dør. Då kvarv han for godt. Erling Skipadalen hermde etter
ein Ulvik-mann at dette biletet var det ufjelgaste han hadde
set for sine augo.