Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ein annan mann ute i Aurdal sat også og spelte kort, han og nokre andre bønder. Ein framandkar kom inn til dei, og han også vart med spela. Ved ellevetidi ville sjølvmannen slutte spela, han, men framandkaren vart han ikkje kvitt. Då sende han bod på presten. Han kom, og det var ikkje lenge før både presten og dei hine skjøna at her var det den vonde dei hadde å gjera med, då han vende seg til sjølvmannen og sa: "Når dette lyse so står i staka, e utbrønne, då tek e de." Då presten høyrde det, skunda han seg åt Aurdalskyrkja og henta ei bok på alteret, og då han kom att, las han den vonde ut; men ikkje før enn dei hadde bora eit hol i glas- grindi åt styggen; då fauk han.
Informasjonom sagnet og kilden