Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var ein uversvinter på Langnes med mykje skodda og landlæga, og det blei til at karane trøydde tida med å spelle kort. Sær- lig dreiv de på med å spelle hund; og de var så ivrige, at blei ikkje "hunden" avgjort om kvelden, så la de han bort me kortan som de var, for å ta han fram neste dag - eller kveld, når veret var så pass at de kunne ro. Og det følgte forskjel- lig med denne kortspellinga, av sverging og drikking. Nok om det; ein kveld de sit der og spellar kort, slår i bordet, sver og ropar "gje på ein hund", veit de ikkje ordet av før det kjem ein svart hund unna bordet. Døra fyk opp, og han fer ut. - Om dette verkelig er sant, skal være usagt; men de sa det blei ikkje verre med kortspellinga etter den tid.
Informasjonom sagnet og kilden