Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52884. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52884
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52884. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Informant: Salve Aarli. Collector: Johan Agerholt. Place: Gjøvdal. County: Aust-Agder. Year: 1917. Archive signature: NFS Johan Agerholt 7, s. 103. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52884 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52884/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var nokre som sat og spela kort paa Kloppene (ved Arendal) –, so kom det inn ein framand, som var so fæl til aa vinna. Det vart ei heil ugreide -----. So bøygde ein seg ned og vilde taka upp eit kort som datt paa tilet. So blei han var at den mannen som hadde kome inn hadde klør, og han slo seg fast i bordstolen. Dei fekk han 'kje ut. Mange kom og vilde ------ umogelegt.
Men so henta dei LilleJæger. So segjer denne mannen det: Ja no kommer LilleJæger fra Moland, sa han, no faar eg fly. Daa LilleJæger kom, daa bad mannen han maatte fara upp omnspipa. Nei, den er for god for deg, sa LilleJæger. So stakk han ei naal gjenom blyet i glaset, der skulde han ut, sa han. Og det var so det kvein og peip naar han skulde ut gjenom holet. Men ut maatte han.