Tilbake

Hinmannen sat under kortspelbordet.

NORSK ORIGINAL

Hinmannen sat under kortspelbordet. Ein gong sat nokre ungdomar saman på ein gard i Nerre Dale i Øye og spelte kort på pengar. Det gjekk hardt føre seg, for dei sat klakka og spelte både dag og natt. Tilslutt kom det inn til dei ein svart hund og la seg under bordet der dei sat spelte. Han la seg til der urikkeleg. Dei fekk han ikkje frå seg korleis dei hyssa på han. Då kom dei på kva slags "hund" dei hadde fått gjesting av, og då rømde dei ut sjølve!
Informasjonom sagnet og kilden