Tilbake
Sitering
Kort referanse
Den svarte hunden er med ved kortspel. Norske sagn, ID 52895. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52895
Utvidet referanse
Den svarte hunden er med ved kortspel. Norske sagn, ID 52895. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Informant: Ragndi Moen. Collector: Knut Hermundstad. Place: Nord-Aurdal. County: Oppland. Archive signature: NFL 45, s.69. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52895 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52895/
Den svarte hunden er med ved kortspel.
NORSK ORIGINAL
Den svarte hunden er med ved kortspel.
På ein stor gard ut i Ådale budde det for lang tid sidan ein
mann som var so fæl te spela kort. Stødt og stendig heldt han
kortspelhus, og ofte spelte han tå folk alt dei åtte.
Ein gong med dei spelte kort som likast, kom det inn ein
framandkar. Han vart då var at det låg ein stor, svart hund
under bordet der dei sat og spelte kort. Då ingen der i huset
hadde nokon hund, var det lett å skjøne kva slag hund det var,
som låg under kortspelbordet.