Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ein gong Tobias Jonson på Bråddan kom utantil Leland og var komen mellom Ådnebergli og Landås, så hørte han nokon fæle skrik, nokon illskrik, som kom nedantil Iddevanne og dei kom nerar og nerar. Til slutt kom det noko og hengde seg på herdane hans så han ville mest siga ned. Men så var det ikkje så lenge før det slepte taket att, og så blei det slutt på skrikan. Denne Iddevannsgasten låg og bala med ein bytestein ute i vannet. Han kunne få han så høgt opp som i vass-skorpa, men ikkje lenger. Og når han måtte sleppa han att, så skreik han så fælt.
Informasjonom sagnet og kilden