Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Der hadde vore ugreida med skiftet millom Kvinnlog og Eigjeland. Ein mann fraa Kvinnlog hadde teke burt ein bytestein, og kasta han i eit vatn tett attmed. So vart han gast. Tollei Eptestøl gjætte der umlag 1830. Han og dei andre hjurdingarne høyrde skriki av skogagasten fleire gonger, og saag ein mann som tok upp noko av vatnet. Han fekk det upp i vatsskorpa, men daa slepte han det att, og daa var det han skreik so fælt. Det var bytesteinen han sleit med. Der var ein mann som leita upp steinen i vatnet og sette han paa plass att. Daa slutta det med skrikingi.
Informasjonom sagnet og kilden