Tilbake

Barnlinnen til huldre

NORSK ORIGINAL

Barnlinnen til huldre. Bestmor til Eline høyrde det spann og hespa inne i huset ho budde ilag med foreldran sine, og altid var det etter at dei sjølv hadde lagt seg, at dei fekk høyra dette. Det var ikkje berre ein men mange gonger dei høyrde kor iduge huldrefolket gav på med strævet sitt. Eingong ho kom opp ein morgon og skulde gjera opp varme på gruva, dei hadde ikkje omn i stua, so fann ho ein barnlinne attmed gruva. Ho tok ei stikke og kara linnen tilsides. Natte etter kom huldre til henne i draumen og takka henne for ho ikkje tok bort i linnen med fingrane.
Informasjonom sagnet og kilden