Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52962. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52962
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52962. ML category: ml4015 (De dødes messe). Informant: Abigel Stokkeland, f. 1844. Collector: Peter Lunde. Place: Søgne. County: Vest-Agder. Year: 1919. Archive signature: NFS Peter Lunde 2b, s.173f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52962 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52962/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Der var ei kona paa Stausland, ho vilde til "frupræken" i Søgne kyrkje
joledags morgonen. Ho vakna ut paa natti og saag det var ljos i kyrkja. Daa
skunda ho seg alt det ho vann; ho meinte ho hadde forsove seg, avdi ho ikkje
saag kyrkjefolk i vegarne.
Kyrkja var full av folk, men ho undrast yver at ho ikkje kjende nokon av
dei der var.
Daa presten hadde gjenge paa stolen, kom ho til aa sjaa paa den kona som
sat med sida hennar, og daa saag ho at det var ei av grannekjerringarne hennar,
som var død eit bil i fyrevegen. Og ho fortalde at det var dei døde som heldt
messa. Hekta upp kaapespenna, og skunda deg ut fyrr presten gjeng av stolen,
elles drep dei deg! sa ho.
Kona gjorde som den døde hadde sagt. Dei vende seg og treiv etter henne,
og daa ho gjekk ut døri, var dei etter henne. Dei sleit av henne kaapa med det
same ho var i døri, og ho flaug heim som ho var gali.
Um morgonen daa folk kom til kyrkja, laag kaapa i berre bitar paa
kyrkjetroppi.