Tilbake
Sitering
Kort referanse
Gudstenesta til dei døde. Norske sagn, ID 52963. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52963
Utvidet referanse
Gudstenesta til dei døde. Norske sagn, ID 52963. ML category: ml4015 (De dødes messe). Collector: Ragnvald Mo. Place: Salten. County: Nordland. Archive signature: NFL 54, s. 96. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52963 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52963/
Gudstenesta til dei døde
NORSK ORIGINAL
Gudstenesta til dei døde.
Dei døde hadde si samling i kyrkja før rette tenesta tok til.
I vissa heldt dei den skikken kvar juledagsmorgon.
Det var i den gamle tid, alt med kyrkja var standande på
Saltnes. Då var det ei kjerring frå Vik som var på veg åt kyrkja
grytidleg ein juledagsmorgon. Dentid ho var på Halsmoen, vart
ho vis det var tendt lys i kyrkja. Ho kom no tanke om ho var
seint ute, så ho skunda på for å koma til tide. Ja, ho kom åt
kyrkja og gjekk inn, og som ho for innetter golvet, såg ho det
sat fullt i alle stolar. Ho fann seg fram til den stolen folk frå
Vik hadde, og sette seg der i breidd med ei onnor.
Det fyrste ho kom i stolen, vart ho sitjande urlite og sjå seg
rundt, mot dei andre som var samla inne. Somme av dei fekk
ho kjenning på, andre ikkje. Men alle ho visste å dra kjensel
på, var folk som var døde. Så vende kjerringa seg mot henne
ho var sitjande i lag med. Ho hadde no sett seg slik dei såg
einannan i ausyna. Det var ei grannkjerring, såg ho; men ho
var død ei tid føreåt.
Før kjerringa fekk tankane for seg, tok den døde til å tala
åt henne.
"Eitt vel e be de; du må sjynn de or kjerko, helles gå da de
inkj vel."
Kjerringa kom seg or stolen og la av utetter kyrkjegolvet.
Men i det same tok dei til å skri fram or stolane og søkte etter
kjerringa. Og då ho skulle ut døra, hadde dei tak om yter-
klean hennar. Det var ei kappe ho hadde over seg, ei av desse
som er fri for ermar. Og no var kjerringa snar å løysa opp
spennet som heldt kappa. På det viset berga bo seg.