Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

På garden Andås i Vefsn var det ei kjerring som sundagsmorgonen skulde til kyrkja. Ho kom inn, og der var det ein stor kyrkjelyd samla. Men best ho sat, kvakk ho ved å sjå grannekona som var dåen mange år før, sitje i benken. Og som ho såg seg om, såg ho og kjende mange som longe var daude, sitje i kyrkja. På preikestolen stod gamlepresten som og var dåen. Sistpå skyna ho at heile kyrkjelyden var berre daudingar. Som ho sat der kom den daude klokkaren nedat henne og spurde: "Kva gjer du livande millom dei daude?" Han bad henne fara, og ho skulde hoppa jamføtt ut gjenom kyrkjedøra. Då ho skulde hoppa, vart stakken hennar hangande fast på ein spiker, og ho reiv eit stort hol, men det holet bøtte ho aldri seinare.
Informasjonom sagnet og kilden