Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var ein mann som kom burt til Stiklestad-kyrkja jul- natta. Han såg det var so klårt ljos i alle vindaugo, og difor gjekk han inn for å sjå kva som gjekk for seg der. Kyrkja var full av folk; men han kjende ingen av dei, og det var heilt stillt der inne. Og alle saman sat dei og såg på han. Då dei hadde sete ei stund, forandra dei seg, so det var berre beinrangla som sat burtetter benkjene der. Men då vart han redd og skunda seg ut so fort han kunde. Og alle beinrangla kom farande etter, som um dei vilde ta han. Men dei rørde han ikkje, og med det same han kom ut gjenom døra, vart det heilt myrkt der inne og ingen ting meir å sjå.
Informasjonom sagnet og kilden