Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

På ein gard i Sørfold var det ei kjerring som dreiv med å gjera uskjell mot grannane sine, så dei ikkje fekk nytte av kretura sine. Ho var tidleg om å koma seg åt grindgarden, denne kjerringa. Såleis var det folk tok til å bera mistanke mot henne for trollskap. Dei gav seg til å fylgjast med i det ho gjorde, men kom ingen veg med det. Så ho fekk spela seg som ho ville. Kinna gjorde ho i einingen, og troget fullt av smør kva tid ho hadde havt kinna inne. Men åt grannane stod det ikkje til å få smørsveitten. Så vart kjerringa sjuk og laut halda senga. Alt medan kom det ein mann ditett og bad om å få låna urlite smør. Kjerringa hadde ei terne i huset. Ho gjekk no åt matmora og spurde om ho ville let smør. Ja, mannen skulle bli hjelpen, sa kjerringa. "Men e ska no sei de før kor du ska gjer da: Du få inkj sjer smøret or dallen, du ska skrap da or me eit knivsbla," sa kjerringa. Men no hadde inkje terna retta seg etter det matmora sa, kor ho meir tenkte det. Ho stakk berre kniven i smøret og ringa or eit stykke. Men just i det same bar det til å tipla blod or smøret der vekja hadde vore med kniven. Ho smikka loket på og strauk av inn. Der fann ho matmora liggjande død i senga.
Informasjonom sagnet og kilden