Tilbake
Sitering
Kort referanse
Den svarte katta. Norske sagn, ID 52977. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52977
Utvidet referanse
Den svarte katta. Norske sagn, ID 52977. ML category: ml3055 (Trollkjerring blir skadet). Collector: Olav Nordbø. Place: Bøherad. County: Telemark. Archive signature: NFL 56, s.95. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52977 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52977/
Den svarte katta
NORSK ORIGINAL
Den svarte katta.
Dei trudde trollkjerringane mjølka andremanns krøtur.
I Oppigard Li såg mannen det flaug ei svart katte i fjoset.
Han hadde ei ful tru til den katta, det var 'kje for det godes
skuld ho flaug so. Og kyrne gjekk ned i mjølka, det var au eit
fult merke. Mannen spende til katta so ho tvinsla, den kattefilla
kunde halda seg der i frå.
Morgonen etter kom Li-mannen eit erend ned til Lihegna.
Der hadde kjerringa vondt i armen. Da skjønna mannen kva det
var for katte han hadde spent til dagen i fyrevegen. Den kjer-
ringa der i Lihegna hadde ord på seg for å vera trollkjerring au.