Tilbake
Sitering
Kort referanse
Ole Bull var på kvernhuset og lerde spela. Norske sagn, ID 52983. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52983
Utvidet referanse
Ole Bull var på kvernhuset og lerde spela. Norske sagn, ID 52983. ML category: ml4090 (Fossegrimen læremester i felespill). Informant: Kristine Skog. Collector: Knut Strompdal. Place: Nesna. County: Nordland. Archive signature: NFS Knut Strompdal 11, s. 101. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52983 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52983/
Ole Bull var på kvernhuset og lerde spela
NORSK ORIGINAL
Ole Bull var på kvernhuset og lerde spela.
Det var eingong ein gut, som heitte Ole Bull. Han vart sidan ein vidspurd spelemann, men frå førsten var han berre så måteleg. Men så ein dag tok han ein kjøtbog med og gjekk til kvernhuset og sette seg. Og det var ikkje verre med det, då midnattstimen slo, så kom det ein, som tok kjøtbogen. Og sidan var Ole Bull ein meister til å spela, han kunde spela på mest alt moglegt, same kva så fekk han mål i det.
Men så var det ein annan, som fekk høyra det hadde vorte ein slik meisterspelemann av Ole Bull, og så vilde han prøva han og. Han hadde ein kjøtbog med han og, men då det leid på, så vart han svang og så spika han kjøtet av bogen. Og då karen kom, som skulde gjeva honom spelekunsten, så fekk han berre beinknokane av bogen. Då sa den framande: Du som lett meg få berre bein skal lera å stille, men ikkje å slå. Og han vart heller ikkje nokon spelemann å rekne for, men han var framifrå flink til å stille felor.