Tilbake

På korsvegen julenatta

NORSK ORIGINAL

På korsvegen julenatta. Når ein vil læra å bli god til å spela fela, så skal ein taka ein kjøtbog og gå ut på ein korsveg julaftan. Då vil draugen koma og læra ein å spela. Det var eingong ein mann som fann på at han vilde prøva. Han tok ein kjøtbog med og gjekk. Men den som vilde læra å spela, måtte ikkje snakka eit einaste ord på turen. Då han kom til korsvegen, kom det ei høna ruslande med eit stort høylass. Ho stogga attmed mannen aldri så lite, så var det som ho skvatt til og sa: "Nei, eg får vel til å gå skal eg nå til Rom til dags". Då sette mannen i å flira, og sa at ho såg ikkje nett ut til å kunna nå til Rom, ho. Men mannen hadde vorte lurd til å snakka, og så kom det ikkje fleire. Næste julekveld skulde kameraten hans i veg; han tok med ein avgnegen kjøtbog. Han sa ikkje noko, men dreiv kjøtbogen til framandkaren som kom. Den framande ha' ei fin fela med; men då han fekk sjå at det ikkje var noko på kjøtbogen, då sa han: "Du gav meg kjøtbog med inkje på, du skal læra å stilla, men ikkje å slå." Han vart ein meister til å stilla fela, men vart aldri nokon meister til å spela.
Informasjonom sagnet og kilden