Tilbake

Nykken

NORSK ORIGINAL

Nykken. Øllenykken bur i øllune der følk tar vatn. Han skulde vera så huga etter små ungar, sa døm. Han vart hatt som ein skreme for ungane så døm ikkje gikk til ølla. Den rette nykken bur i fossane. Han skulde vera så flink med fela. Det var han som lærte spellemennane å leike. Dei grommaste spellemennane skulde vøri bortmed fossane og lært. Det måtte gå for sei på ein viss måte. Ein skulde ta ein kjøtt- lem og gå til fossen ein torsdagskveld. Det måtte vera ein god kjøttlem, helst ein saueknoke. Men det kunde ikkje vera ei tå dei ein hadde på sitt ei'a stabbur. Ein måtte stela det om kvel- den på ein annan gard. Så gikk ein til fossen og kasta knoka stad. Ein hadde fela med sei, og sette sei på stranda ved fossen og strauk på strengane. Den kvelden lærte ein ikkje noko. Andre torsdagskvelden skulde ein og ha med ei fenaknoke som ein hadde støli, og kaste stad. Så satt ein ei stund ved fossen og strauk på fela. Trea kvelden var det ein skulde få lære. Etter ein hadde kasta ei ny knoke stad til nykken, kom han opp or fossen og stilte fela. Og så kom låttane tå sei sjøl. Med ein satt og strauk og strauk, fekk ein låttane i sei. Ein vart spellemann med ein gong. Somme fortalte at nykken skulde koma med fele til ein og. Men det var vågalt å lære å spella på den måten. Ein måtte selja sei til den vonde sjølv. Det var ikkje alle som våga sei til med det. Men den som ein gong hadde lært tå nykken, kunde stille fela så høgt at strengane flaug for alle som prøvde til å stille så høgt. Han Ola Eilivsen Taleshaugen var vel den beste spellemann oppi bygda for halv hundre år sia. Han hadde lært tå nykken. Han hadde vøri nordmed Kittilsfossen med fela tre torsdags- kveldar etter einannan. Da hadde 'n fått lære mykje som ikkje andre spellemennar kunde. Han hadde mange låttar som ingen andre spella. Døm hadde han lært tå nykken ved Kittilsfossen. Han Ola reiste til Amerika. Han Trond Kringstad hadde lært tå strømgubben. Han satt mykje i ei bergskorte nedom der den nye Prestfossbrua går. Der lærte han mykje tå spellinga si. Men så høldt det ikkje strengar for andre spellemennar som skulde spella i hop med han Trond. Han stilte så høgt, at skulde døm følgje med han, så flaug strengan døms. Det var døm ute for nokon ver. Men for'n Trond høldt døm, om han stilte aldri så høgt. Nå spella han Ola Nubberud og han Trond Kringstad my- kje i lag. Det var flinke karar til å leika begge to. Men ein gong, i eit brølløp på Rolvstad, hadde han Ola sagt det at det var ikkje nokon sak for han å følgje'n Trond i spellet. Ei tid etter var døm i et anna lag og spella. Da tok'n Trond til å stille så fint. Han Ola stilte som 'n Trond, og døm spella så godt. Det var nok reint rart så fint det let. Men så stilte 'n Trond opp. Da måtte 'n Ola legge fela. Strengane flaug. For'n Trond flaug det nok ingen. Det var så at ikkje alle som prøva til, fekk lære noko. Det var ein tenestgutt i Foss. Han stal med sei et kjøttlår, tok med sei fela og gikk nedmed fossen i elva. Han kasta kjøtt- låret stad og sette sei og strauk på fela si. Detta var ein tors- dagskveld. Han fornam ikkje noko. Men kjæringa kom ut og fekk høre det spella nedmed fossen. Ho høldt på å sige ihop da ho fekk høre det. Andre kvelden han satt der, kom elva så diger at ho høldt på å ta han med sei. "Han" viste sei i den skapnaden da. Gut- ten vart redd og flaug. Han prøvde ikkje til den trea kvelden. Og det var vel det beste for'n, eller så hadde han nå vøri selt. Det var ein oppi bygda som hadde støli sei et spikilår da han skulde stad og lære å spella. Men så syntes han det var synd å kaste så mykje godt kjøtt til vatnet, og så åt han av det meste. Beinet hivde han stad til nykken. Da det lei på kvel- den trea torsdagskvelden, kom nykken til han med fela. Men så sa han det: "Du skal lære å stille, men ikkje stryke på du gav mei et spikilår, men ikkje noko på" Det vart aldri spellemann tå den gutten. Je prøvde til og skulde lære å spella ved ein foss. Men je fekk ikkje tak i noko spikilår. Je sette mei ved fossen lell. Je hadde med mei ei gammal skarkefele je satt og fila på. Je satt der to torsdagskveldar. Den trea kvelden sette je mei like ned- med fossen. Je venta å få sjå noko da. Så visste je ikkje tå før det kom ei svart katte oppå berget til mei. Da vart je redd og gikk min veig. Det var nå venteleg ei katte framantil ein av gardane. Men det såg så rart ut.
Informasjonom sagnet og kilden