Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Paa Arnfinnset budde der ein mann ein gong, som vart gift med ei tussegjente. Ho kom til honom um notti, og trekte seg ned i sengi til 'n. Han hadde kniv paa seg, og daa ho kom inn-aat den, so vart han ved henne. Daa han vart buande saman med henne, saag han ho hadde rove, og daa vart han alltid sidan vond med henne. Ein dag han stod i smidjo, kom ho burt til honom. Ho tok ein hestskor han hadde smida, og rekte han ut med berre nevane. "Du ska kje vera saa ill ve me," segjer ho. Han stokk der han stod. So sa ho vidare: "Du ska gjera kve'ne støre." Og han laut de, og daa vart ho full med vene, brandute kyr. Og med de same stod mor til gjenta der. Ho sa, at vilde han aldri vera ill med kjeringi si, so skulde ingin ting trjote i huse og alltid skulde han hava lukke av kreturi. "Du ska ala aa slagte, men inkji selja," sa ho. Og de heldt han seg etter, og alltid livde dei godt og hadde fullt upp av alt.
Informasjonom sagnet og kilden