Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Når gamlekarane var på stølen um våren og veda, kunde dei liggje i sengeromet og spela på munnhorpe. Då kom det jamt fullt selet med haugafolk som gav seg til danse, og det heldt dei på med til dags. Ein gong var det ein vedhoggar som hadde med seg ein smågut. Denne hadde hug til å liggje under ein brimholk som låg kvelvd på selsgolvet. Med mannen spelte på horpa, vart selet fullt med haugafolk. No var det ei smågjente mellom dei underjordiske. Ho hadde slik hug til å ha moro med denne guten og smette handi si under holken alt i eitt. Tilslutt vart guten leid, tok upp føldekniven sin og snerta gjenta i fingen so ho blødde. Då ho synte fram den blodute fingen til dei andre haugafolki, skreik dei alle som ein: "No ha du merkt ho te de! No lyte du ha ho!" Då guten vart vaksen, kom gjenta til han att. Vilde han då ta ho til kjerring, skulde han få so ubøtteleg til lykke. Kor stor kve han gjorde seg, skulde ho bli full tå krøter. Og alt skulde bli so agalaust grust. Men vilde han ikkje ha gjenta, skulde det bli berre skrap med han. Guten tok gjenta, han, og levde i lykke og herlegdom alle dagar, etter det eg har høyrt.
Informasjonom sagnet og kilden