Tilbake

Tofte-kjeringje

NORSK ORIGINAL

Tofte-kjeringje. Mannen på Tofte låg på seter'n ein vinter. Best som han sat der einsleg ein kveld, kom det inn ei fin, vakker kvinne til han. Ho sa at dersom han vilde kaste stål over ho og gifte seg med henne, så skulde rikdomen alder gå burt frå garden. Da han fekk tenkt seg um, gjekk han med på dette. Da dei var gifte, skulde han bygge nytt fjos til ho kom med kryterom sine. Men da fjoset var ferdig, og ho kom og såg på det, sa ho at det var for lite. Så laut dei setja upp ei stor kve attåt. Og da bølingen hennar kom, vart både fjoset og kvee fulle tå kryter. Denna Toftmannen var ikkje stødt berre snill ved kjer- ingje si. Så var det ein gong han var i smi'un og kveste hestsko. Han streva stygt med detta og fekk det ikkje til denna dagen. Det var det same korleis han bar seg åt, så vilde ikkje skoen passe. Da kom kjeringje inn i smiu og såg kor mannen streva. "Skal eg hjelpe deg?" sa ho, og tok skoen millom fingrom og bøygde han til slik han skulde vera. "Du er sterk, du, kjering," sa mannen. "Ja," sa kjer- ingje, "hadde eg vore så hard ved deg som du er mot meg, så hadde det ikkje vore godt å vera deg." Etter den dagen var han snillare mot kjeringen.
Informasjonom sagnet og kilden