Tilbake

Drengen og kvitormen

NORSK ORIGINAL

Drengen og kvitormen Kvitormen var såleis at han var svert seinkokt, men den som åt av han etter han var kokt kom til å verta vis. Men berre den som først åt vart vis, var det ein som åt etter at ein hadde ete før, så vart han meire toskut og tåpen enn han hadde vore før. Ei trollkjerring hadde fåt tak i ein kvitorm og hatt han i gryta for å koka og eta han. Med ho koka laut ho ut eit snarerend. Med same kom drengen hennar inn, fekk sjå det som koktest i gryta og tok og åt av det då det såg gott ut. Då trollkjerringa kom inn åt ho det som var att av kvitormen, ho la ikkje merke til at drengen hadde ete noko. Men etter den dagen vart drengen meir enn vanleg vis, men trollkjerringa vart berre ei tåpa ho.
Informasjonom sagnet og kilden