Tilbake

Vetormen.

NORSK ORIGINAL

Vetormen. Der den kvite revebjødla veks fins der ein orm som dei kadla vetorm. Får ein tag i denne ormen og koga han, flyde der på søet tri feitkuler. Kvar av desse feitkuledne har ei sers evne. Ei av dei kan gjera eit menneskje framsynt, ei kan gi evner til å lækja alslags sjukdomar, og den trea kan gjera ein konnoge til å broga gift. På ein gard hadde dei ei tenestgjenta dei kadla Blanka Dorte. Nå hadde konå på garden fanga ein vetorm og kogte han. Så tog hu grydå or skjæringjen for at søet sko kjølast, gjek så bort til kydne ein augnablink. Då hu kom tilbars or fjoset hadde Dorte lurt seg til å ta ei ynskjekula. Så sa Dorte at nå konne hu fortelja korleis han vilde koma til å sjå ud, den kalven dei venta. Konå svara berre: "Å, har du nå vore der ôg."
Informasjonom sagnet og kilden