Tilbake

Den udøypte ungen som gret ved Gråtarbekken på Skrautvølsåsen

NORSK ORIGINAL

Den udøypte ungen som gret ved Gråtarbekken på Skrautvølsåsen. Heimpå Skrautvølsåse er det ein bekk som heiter Grå- tarbekken. Der høyrde dei ofte ein unge som gret. Dei trudde det ein gong var drepe ein unge der. Han gret fordi han ikkje hadde fått namn og kristendom. So var det ein gong ein som fann på å døype han. Med han gjorde dette, sa han: "E de gut, ska 'n eite Gudbrand. E de gjente, ska ho eite Gudbjørg." So las han opp ritualet som blir brukt når presten døy- per ungar, og auste vatn tre gonger or bekken. Sidan høyrde ingen meir barnegråt ved Gråtarbekken.
Informasjonom sagnet og kilden