Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53081. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53081
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53081. ML category: ml6025 (Vekker folk). Informant: Ragndi Moen. Collector: Knut Hermundstad. Place: Nord-Aurdal. County: Oppland. Archive signature: NFL 45, s. 17. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53081 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53081/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Eg har nok røynt, ikkje berre ein gong, at dei usynlege er med oss. No skal du høyre um noko anna eg vart ute for. Det var etter at eg kom hit åt Moe. Ein vår gjekk eg og gjætte på ei ku som skulde kalve. Eg såg te henne um natti med. Ved tretidi var eg uppe og i fjøset. Då var alt som det skulde. Eg gjekk so innatt og la meg te sova.
Best som eg låg i likaste svevnen, der ropte det so kvast på meg: "Ragndi!"
Eg spratt upp og gjekk trast åt fjøset. Der var det overstade. Kui hadde bore ein fin kalv. –
Noko liknande hende meg då eg var smågjente. Eg gjætte fleire sumrar på Vestrebø, veit du. Ein gong gjætte eg i nokre fæle berg og bergurder på stølen Pardis. Der var det so uforskammeleg mykje godt lauv, som småkrøteri likte so godt. So for eg dit med geitene. Og det var ikkje lenge før dei hadde spreidt seg inn millom alle dei gode lauvkjørrene. Eg sette meg på ein stein te å sjå på dei. Brått vart eg so trøytt og svevnug, at eg seig ned på steinen og sovna. Kor lenge eg sov, veit eg ikkje. Men best som eg sov som likast, der høyrde eg det skreik so kvelt: "Ragndi! Ragndi!" Eg upp! Då eg såg meg ikring, hadde geitene rekt framum meg og var på veg heimover. Det var nok nokon som vilde varsle meg den gongen, so eg fekk møtt dei.