Tilbake

Huldri varslar budeione fordi dei sov for lenge

NORSK ORIGINAL

Huldri varslar budeione fordi dei sov for lenge. Uti Begnadale, frå Høneren og Strømmen, var det nokre gjentor som var på stølen um hausten. So kom det nokre upp til dei laurdagskvelden, so det vart leven og ståk til langt ut over natti. Um morgonen sov budeione for lenge. Brått stod det ei hulder på ein haug dei kallar Huldrahaugen og såg nedpå sætri og ropte: "Opp di su! o mjølke di ku! Mi ku går i åsen! Di ku står på båsen! O sola står i Midtansskar, o endå sover du!" Dette tala Kari Grimsrud um etter far sin, Harald Torsrud.
Informasjonom sagnet og kilden