Tilbake

Hælge Ru

NORSK ORIGINAL

Hælge Ru Dei heldt dansestrok. So var Hælge Ru so fæl te aa dansa, at det kunde aldri nokon faa trøytta henne. Og den eine tok og den andre slepte, og ingjen kunde faa trota'æ. Men so kom der inn ein fin blaaklædde kare og spurde um han maatte danse med'æ. Og so sa ho ja. Daa han ha' no dansa med henne ein tur (ei god stund), so sa han det: Hei Hælge Ru e' ska deg snu, No ska du faa dansa, metta deg nu! Daa ha ho djevelen og dansa med. Han dansa med henne so blodsgauven stod av skone hennes, og so flaug han av med henne, so saag dei kje ho tri blodsdropar att av ho.
Informasjonom sagnet og kilden