Tilbake
Sitering
Kort referanse
Dans. Norske sagn, ID 53108. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53108
Utvidet referanse
Dans. Norske sagn, ID 53108. ML category: ml3070 (Fanden i danselaget). Collector: Sigurd Nergaard. Place: Elverum. County: Hedmark. Archive signature: NFL 11, s. 86. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53108 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53108/
Dans
NORSK ORIGINAL
Dans.
Dansen er nok ikkje taa det gode altmeine, for det hender
den vonde møter upp naar det gaar over seg.
Det var ei gjente som heitte Helge. Ho fekk aldri dansa
metta si. Um vegen var aldri so lang, rende ho paa kvar
dans ho visste taa. Men so paa ein dans var det ein gong det
kom ein framand kar og baud henne upp. Og daa fekk ho
dansa! Han snurra henne rundt so fort det gjekk som ein
kvervelvind, til ho bad um aa faa pusta paa. Daa skreik han
i so det gnall i stua:
"Hei Helje, hu!
Deg skær je snu!
Du skær faa dansa metta di du!"
Og villare og villare dansa han paa. Daa vart spelman-
nen redd, og la burt fela; men ho spela taa seg sjølv. Dan-
sarfolket stod som fjetra attmed veggene; men den framande
dreiv paa til gjenta hekk som ei fille i armane paa han. Dei
hengde fela paa veggen; men ho spela. So la spelmannen
henne i skrinet og stengde att loket; men fela ho let til man-
nen stansa og slepte gjenta. Men daa var ho daud, og daa
dei skulde sjaa etter mannen, var han burte.