Tilbake

Tussen dreger i hus.

NORSK ORIGINAL

Tussen dreger i hus. Det var ein gong ein mann som det gikk så bra for, og han vart rik og velbergen. Naboen gikk det derimot kleint med, så han måtte klore og slite alt han vann for å få enda til å rekke i hop att. Så var det om hausten i skåronna at denna første bonden dreiv og køyrde lo. Da såg de ein liten grå tass som gikk og sterte på noa få strå oppover låvbrua. Og han stanka og stanka. Da ropte mannen til'n: «Kan detta væra noe å stanke så for, det da?» - Da sa denna tassen. «Det skær nuk bli mindre!» Sia den dagen tok han til å dra til naboen, så han vart meir og meir velstående. Men den fysste gikk dei reint skralt med etter den dagen.
Informasjonom sagnet og kilden