Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53117. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53117
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53117. ML category: ml7005 (Den vesle børa). Informant: Per Øyraaker. Collector: Knut Hermundstad. Place: Vestre Slidre. County: Oppland. Year: 1931. Archive signature: NFS Knut Hermundstad 3, s. 26f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53117 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53117/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
-Nissen? Ja, det er no noko det med. Eg har høyrt ei forteljing um han. Jau, det var tvo bønder som budde attaat kvarandre. Dei træla og arbeidde baae. Men den eine kunde ikkje koma fram med krøteri um vaarane alt han træla; forlaus var han stødt. Den hin, hadde unøpe for, so krøteri stod smellfeite til kvar vaar. Ja, slik var det! Denne so stod seg so bra, hadde fornamt det at te kvar kveld, so datt det ned ei bør for i forhuset hans. Det tuska so tungt ogso paa fortrævet hans. - Men ein kveld so høyrde han det same att; men denne kvelden høyrde han det gav ikkje so stor trykk i golvet som vanleg. So sa han uti veret:
"Dette va no ikkji noko de!"
Daa svara det so kvelt: "De ska bli mindre herette!"
Fraa den kveld snudde det seg heilt um. No fekk den andre bonden so mykje betre raad, som hin hadde havt det før. Daa tok nissen te dra te honom. Denne soga fortalde han Embrik paa Leite.