Tilbake
Sitering
Kort referanse
Dei ville ikkje skjemma buksene. Norske sagn, ID 53125. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53125
Utvidet referanse
Dei ville ikkje skjemma buksene. Norske sagn, ID 53125. ML category: ml7015 (Nye klær). Collector: Knut Strompdal. Place: Velfjord. County: Nordland. Archive signature: NFL 44, s. 45f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53125 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53125/
Dei ville ikkje skjemma buksene.
NORSK ORIGINAL
Dei ville ikkje skjemma buksene.
Ein mann i Gudbrandsdal ha to nissar til å stella hestane sine. Eingong han skulle handla til jul, bad nissane honom kjøpa eit par skinnbrøker til dei. Mannen så gjorde, og då han kom heim hengde han dei på stalldøra, såleis som nissane hadde bede om. Men hestane let han stå ute som vanleg. Då han kom opp om morgonen, så stod hestane ute endå. Då vart mannen sint og tok til å skjenna på nissane, som ikkje hadde hatt inn hestane, ruskut ver som det hadde vore. Men då spurde nissane, om han tykte det hadde vore ver for dei å gå ut og skjemma dei nye buksene sine. Og dei lova å vera så mykje meire pålitsame etter den dag.