Tilbake

Julkvelden

NORSK ORIGINAL

Julkvelden er dei vonde maktene utpaa. Difor lyt ein til den kvelden setja kors over dørene og hell ikkje sleppa ut borna. Paa ein gard laut ei smaagjente gaa ut eit lite ærend. Der stod gran- nekjerringa ferdig og tok med seg gjentungen aat fjøset, løv- ste bjøllkua, sette seg upp paa ryggen hennar og reid avstad med gjenta. Fort gjekk det, so fyrr gjenta fekk sansa seg, stod dei utfor ein bergvegg, og der bar det inn i berget, i ein stor, fæl sal. Midt paa golvet stod ein diger kubbe, og der sat den vonde sjølv med digre lekkjor um føtene. Framfor seg hadde han eit bord med digre bøker han sat og skreiv i. Kjerringa sette like burtaat med gjenta. "Naa kjem je med denne gjenta og vil du skær skriv' inn a i stellet mitt," sa ho. "Nei, henner har je ittnaa med," svara den vonde, "for ho høre til tømmermanns-folket" Daa tok kjerringa fram eit smørstykke, og dette skulde ho ofra. Daa saag det for gjenta ut, som den vonde skar av det ytste taa nasetippen aat kjerringa. So vende han seg aat gjenta: "Ja deg har je ittnaa med; men sia du naa har kømmi her, skær du faa sjaa deg um lite." So tok han med seg gjenta ut i eit rom attmed salen. Der tok han upp ein lem. Upp tur holet slo det røyk, svoveltev og loge. Hundradtal med hender strekte seg upp tur eldha- vet, sprikte i fingrane og famla etter tak. Daa tok han ein brandgaffel og stakk dei nedatt so det knasa i myrja. Drog han so upp att so haar og skinnfillor fylgda med, og sette burt under nasen paa gjenta, ho fekk ein tev so vond so ho kjende det sidan so lenge ho livde. "Naa lyt du faa sleppa hematt," sa han, og sette so dren- gen sin til aa skyssa henne, for kjerringa skulde vera att. Ein kom fram med ein slede, gjenta sette seg uppi, og i veg bar det, so ho var heime att fyre ho fekk sansa seg. Men i fjøset laag bjøllkua daud paa baasen um morgonen att.
Informasjonom sagnet og kilden