Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53139. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53139
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53139. ML category: ml6040 (Huldresoldater (Dystetromma)). Informant: Anders Olsen Grefsrud. Collector: Knut Hermundstad. Place: Vestre Slidre. County: Oppland. Year: 1932. Archive signature: NFS Knut Hermundstad 4, s. 111f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53139 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53139/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var ein paa Magistad som hadde vore i krigen i 10 aar. Far hans fekk daa skipa det so at han gav skøyte paa det halve av garden, so han kunde faa sleppa heimatt ei tid. Dei som hadde jord fekk koma heim og sjaa te med sitt litt. Med han var heime, var det ein gong han hadde vore ute, at han hadde høyrt Dyste-trumma. Det hadde vore som eit trummelæte som gjekk etter aasen. Daa han kom innatt, var han so mutt, og so gjekk han stad la seg. Um ei stund reiste han seg braat og sa:
"E faar nokk te sole skod ' n min e. De bere nokk utatt no!"
"Ha du faatt bø um dè, daa?" sa folket hans.
"I morgo kjem 'o'!" svara guten, og fortalde kva han hadde høyrt. Og soleis gjekk det.
Det var nok rart med denne Dystre-trumma. Det var mange som høyrde den.